Matservering Høiås 08.10.2009
Matservering Høiås på torsdagar
Vi prøver å starte oppigjen med varmmat etter treninga på Høiås på torsdagar. Vi prøver no med ei ny ordning der løparane sjølv kjøper inn og lagar tilbehøret til pastaen (kjøttsaus og linknande). Det blir kjøpt inn eit lager med pasta. Den elite-løperen som har hyttevakt får ansvaret for å koke pasta, ta opp riktig mengde tilbehør fra fryseren og varme det.
Tanken er at dei DH17- som vil vere med på opplegget, melder seg på her innan 6.oktober. Det vil då bli sendt ut ei oversikt over kva og kor mykje kvar enkelt skal lag, og det skal leverast i frysaren på Høiås helst innan den 15.oktober. Det krever litt av kvar enkelt for å få dette til å fungere, men vi håper alle vil være med.
Det vil bli utarbeida ein kort instruks til hyttevakta.
Det blir hengt opp liste utanfor garderobene, der dei som skal ha mat må skrive seg på seinast kl. 18.15. Dette er for at den som skal ta opp tilbehøret veit ca. mengde.
Dei som ikkje har vore med på å lage maten, kan skrive seg på lista og betale 30 kr for måltidet. Dette gjelder først og framst andre enn DH17-.Tiltaket er eit prøveprosjekt fram til jul, altså totalt 10 torsdagar og det vil bli evaluert fortløpende om dette fungerer.
Spørsmål til Olav Lundanes